25/07/2026
Ferie betyr ikkje at strikkepinnane får kvila. 🧶💙
Nokre av dei finaste stundene finn eg ute i naturen. Denne gongen langs ein kanal i Nol, nord for Göteborg, med strikketøyet i fanget og nye tankar til Bømla Garn.
Samtidig heng nyfarga blå hesper til tørk. 💙 Nokre fargar blir til gjennom prøving, feiling og nye forsøk – og akkurat det er noko av det eg likar aller best med handfarga garn. Kvar hespe har si eiga historie.
Eg håpar sommaren dykkar også gir rom for litt ro, litt kreativitet og kanskje nokre masker i sola. 🌿
Kva har du på pinnane denne sommaren?