Trudvang Handverk

Trudvang Handverk I fritida mi vev eg forkleband til Vest-Telemarksbunad, beltestakk, bringeklutbunad og jentebunad. Open: fredag eller laurdag etter avtale.

Eg lagar også vippeband, sokkeband, og brikkevovne band med mønster frå jernalder/vikingtid. Det er allstøtt nokre band på lager, men du kan òg bestille eit band med mønster og fargar etter dine ynskje. Ta gjerne kontakt via melding, sms eller e-post (eg kan dessverre ikkje alltid ta telefonen om dagen). Vil du sjå på band, eller stikke innom for ein prat, er eg tilgjengeleg etter avtale på freda

g eller laurdag. Eg har vove band i nokre år no, og bruka berre munn-til-munn reklame. Det er ikkje alltid så lett å få tak i ein som kan veve forkleband. Då kan det vere greitt med ei fjesbokside i tillegg...
Handvovne band har betre kvalitet enn maskinvovne; dei er mykje finare i detaljane, og kan ha fargenyansar og mønster etter dine ynskje. Slik kan du få eit staseleg, personleg og unikt band med utgangspunkt i lokal bunadtradisjon. Driv også med å slenge sokkeband og med brikkeveving innimellom, og lagar brikkeband med mønster frå tidleg jernalder, vikingtid og mellomalderen.

Address

Lensmannsgata 7
Fyresdal
3870

Telephone

+4795729349

Website

Products

Handvovne band til bunad

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Trudvang Handverk posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Business

Send a message to Trudvang Handverk:

Share


Other Fyresdal interior services

Show All