GaliDahlia

Veibeskrivelse

GaliDahlia Velkommen til GaliDahlia
Eit halvgalt hageunivers fylt med dahlia, glede og «det får vi nok til». Følg oss!

Vi lagar hage på vår måte - kanskje ikkje med dei grønaste fingrane, men med ein solid dose lidenskap, ambisjon, smil, latter og MYKJE blomstring.

Jeg velger mig april…Ja, det var det han skreiv, Bjørnson, i diktet Valg. Og joda, april er fin. Men ein soldag i midten...
14/10/2026

Jeg velger mig april…

Ja, det var det han skreiv, Bjørnson, i diktet Valg. Og joda, april er fin. Men ein soldag i midten av oktober er jaggu meg ikkje gale det heller 🍂🍁☀️

08/10/2026
08/10/2026

🌸 …og så kom første frostnatt ❄️

Dei siste dagane har vi vist fram georginane som framleis held stand, sjølv om nettene blir kaldare og kaldare.

Men så kom den første frostnatta.

Heldigvis er det framleis mykje som blomstrar fint i hagen 🌸 Men nokre plantar har fått kjenne på kulda – og då tek vi dei opp.

I denne episoden av «GaliDahlia – slik gjer vi det» viser Astrid korleis vi gjer det: Vi sjekkar at planten er godt merka, klipper han ned og tek opp knollen.

✂️ Og ein liten, men viktig ting: Vi er nøye med å reingjere saksa mellom plantane. Slik reduserer vi risikoen for å spreie eventuell sjukdom frå plante til plante.

No er opptakinga for alvor i gang her hos oss. Og i helga skal veldig mange opp av jorda 😅

Vi er ikkje gartnarar eller ekspertar – vi deler berre korleis vi gjer det, kva som fungerer hos oss og kva vi lærer undervegs.

🌱 Dyrkeglede, enkelt og ekte.

❄️ ❄️ ❄️ ❄️ ❄️Når ein vaknar til lyden av at naboen skrapar is av bilruta…, ja då er det lett å gå i litt panikkmodus fo...
07/10/2026

❄️ ❄️ ❄️ ❄️ ❄️

Når ein vaknar til lyden av at naboen skrapar is av bilruta…, ja då er det lett å gå i litt panikkmodus for oss dahliagalne 😱

Nokre av plantene takka for seg etter første møte med blå grader, men dei fleste held fortsatt ut, om enn litt prega og molefunkne.

Men, It Ain’t Over ’til It’s Over som det heiter i sangen, og den mektige Dahlia Grand Prix tviheld på sommaren og stråler her i kveldinga i dag.

PS dahlia klarar ikkje overvintring ute - knollen må opp og inn før det kjem frost i jorda. Nokre timar med litt under null ei natt øydelegg ikkje knollen, men er eit hint om at no nærmar det seg siste frist.

😡 Neeeiiii, tjuvraddar i hagen 😡Eller, strengt tatt er denne veldig velkomen hos oss. Sjølv om namnet, 'Czarny Charakter...
06/10/2026

😡 Neeeiiii, tjuvraddar i hagen 😡

Eller, strengt tatt er denne veldig velkomen hos oss. Sjølv om namnet, 'Czarny Charakter’ betyr «skurk» eller «slem karakter» på polsk.

Vi har venta lenge på denne. Den som ventar på noko godt!!!

Dette er ein svært ettertrakta dahlia som er kjent for å vera ein av dei aller mørkaste sortane som er. Dei fløyelsaktige kronblada har ein så djup raudfarge at på avstand ser blomen svart ut.

Vi går litt tom for godord om slike som dette.

🌺❤️🌺❤️🌺❤️🌺

👑 Ein majestet i hagen 👑Denne staute Penhill Dark Monarch nektar å gi seg for sesongen. Med blomar som er over 25 cm i d...
05/10/2026

👑 Ein majestet i hagen 👑

Denne staute Penhill Dark Monarch nektar å gi seg for sesongen. Med blomar som er over 25 cm i diameter, så er dette ein såkalla dinner plate. Den lever godt opp til navnet sitt, og er rett og slett majestetisk.

🎉 Goooood søndag 🎉Når ein ser at Yr har ombestemt seg, det blir ikkje frostnatt til veka likevel, og ein i tillegg har d...
04/10/2026

🎉 Goooood søndag 🎉

Når ein ser at Yr har ombestemt seg, det blir ikkje frostnatt til veka likevel, og ein i tillegg har denne fantastiske Dahlia Inferno i hagen, ja då er det ein goooood søndag.

Nyt den 🥰

🎄🎄🎅🎄🎄Pepperkaker og julamarsipan er på plass i butikkhyllene, skulle jo bare mangla sidan det er jul om tre månadar…Vi k...
03/10/2026

🎄🎄🎅🎄🎄
Pepperkaker og julamarsipan er på plass i butikkhyllene, skulle jo bare mangla sidan det er jul om tre månadar…
Vi kan jo ikkje vera noko dårlegare her i hagen, så kva passar då betre enn at denne blømer no? Dahlia Santa Claus US.

For dahlianerdane: Santa Claus har blitt brukt av ulike forhandlarar også om andre dahlia, bildesøk kan difor gi løgne svar, men dette er den «ekta» Santa Claus US slik den er registrert i RHS. Den kan variera litt med kor mykje raudt den har i seg, og kan og slå over i orange tonar i tillegg til det kvite.

Vi kosar oss med denne til den heilt heilt HEILT ekta nissen kjem på julafta 🎄🎅

01/10/2026

Det er oktober – men det er framleis fullt av liv i hagen 🌸🐝🦋

Georginene blomstrar framleis, og vi er tydelegvis ikkje dei einaste som vil nyte dei så lenge som mogeleg.

Humler, bier og sommarfuglar finn framleis vegen innom – og vi blir like glade kvar gong vi oppdagar dei mellom blomane.

Små augneblikk frå hagen vår akkurat no 💚

Dyrkeglede, enkelt og ekte.

Oktober er her, og ein kan komma til å tenka på den gamle slageren der Kirsti Sparboe syng «en sommer er over…».Men neid...
01/10/2026

Oktober er her, og ein kan komma til å tenka på den gamle slageren der Kirsti Sparboe syng «en sommer er over…».

Men neida, her tviheld vi på sommaren så lenge det går. Fortsatt håp om nokre veker til med dette i hagen 😊

Bildet er tatt i dag ja.

Adresse

Almebakken 11
Hønefoss
3516

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når GaliDahlia legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori