Dalahagen

Dalahagen Friske snittblomar dyrka med omsorg, lokalt og bærekraftig.

Når eldstejenta skal forlate reiret og fare ut i den store verda på eiga hand, må me pynte kake så fint som me berre kan...
03/08/2026

Når eldstejenta skal forlate reiret og fare ut i den store verda på eiga hand, må me pynte kake så fint som me berre kan i favorittfargane. Fly, fly! Men kom heim på perm til oss i ny og ne 🩷

I dag er det kviledag for meg, etter eit par intense arbeidsdagar før denne helgas bryllup. Eg har vore litt spent, for ...
25/07/2026

I dag er det kviledag for meg, etter eit par intense arbeidsdagar før denne helgas bryllup. Eg har vore litt spent, for fargepaletten i kvitt og lysrosa er meir avgrensa enn eg er vant til, og mange ting skal klaffe med både vær, timing og fargar for å få det til. Men det gjekk bra, takka vere mengder med blomstererter, litt bidrag frå andre og ein haug med peoner som har vore lagra på kjøl i heile fire veker (dei tåler det godt på knoppstadiet). Og den nydelige marsipanrosa Helena Renaissance slo til med heile to perfekte blomar frå drivhuset til brudebuketten. Trur aldri eg har vore borti ei rose som duftar så godt! Brudebukett, forlovarbuketter, knappholsblomar, kyrkjedekorasjonar og borddekorasjonar vart sendt avgårde til havgapet i går kveld, i dag er det beina på bordet og helg 👍 Til lukke med dagen til brureparet!

Tid for årets Sunnmørsferie, med utfluktar til havgapet. Ikkje ofte me får slikt solskinn, då! Men vinden frå sjøen er l...
19/07/2026

Tid for årets Sunnmørsferie, med utfluktar til havgapet. Ikkje ofte me får slikt solskinn, då! Men vinden frå sjøen er likevel kald, og ullgenser må til. Blir berre ei langhelg denne gongen, i morgon er det heim att for å passe planter og førebu bryllupsblomar til helga som kjem. Men det gjer godt med ein pause midt i sesongen 🪏✂️🌱💐

To fargerike bukettar på veg ut døra i går. Det har vore ein treg start på sesongen i år, kombinasjon av kaldt og vått v...
17/07/2026

To fargerike bukettar på veg ut døra i går. Det har vore ein treg start på sesongen i år, kombinasjon av kaldt og vått ver samt ein del anleggsarbeid og ny opparbeiding/utviding av åkeren har krevd sitt. Sosiale medier har ikkje blitt prioritert, men i kulissene har det skjedd mykje! No når eg forhåpentligvis har litt meir tid skal eg prøve å vise fram noko av det. Dei siste to vekene har me endelig fått skikkelig sommarvarme og plantene som sto stille gjennom juni har skutt voldsom fart. Ligg an til ein flott seinsommar 🤞🤞🤞 No reiser me på ein liten langhelgstur, etterpå er det full rulle med bryllup som perler på ei snor framover. Satser på ein del "vanlig" bukettsalg også!

Eit par vekers pause frå bryllup, det betyr blomar til andre ting 💐. Eg lagar sommarlige, velduftande sesongbukettar til...
08/07/2026

Eit par vekers pause frå bryllup, det betyr blomar til andre ting 💐. Eg lagar sommarlige, velduftande sesongbukettar til 350,- til avhenting på fredag. Gi ein lyd om du vil bestille! Eg sender også nedover nokon til Aarvik gard, dei blir å få kjøpt der på lørdag og søndag. No folkens, kjem endelig sommaten til oss også ☀️☀️☀️

Julibrudene er heldige med overflod av roser frå drivhuset! Saman ned peoner og levkøy blir det skikkelige duftbomber 💐 ...
04/07/2026

Julibrudene er heldige med overflod av roser frå drivhuset! Saman ned peoner og levkøy blir det skikkelige duftbomber 💐 Denne helga leverte eg til to bryllup. Det betyr travle dagar og eg fekk berre tid til å ta nokon kjappe bilder av bukettane. Elles var det både knappholsblomar, hodekransar og blomsterbøtter til bordpynt. Til lukke med dagen til begge brurepara!

Knappholsblomar og hårpynt frå bryllupet som var i helga. Alle fekk denne nydelige, duftande rosa som blei ein raud tråd...
29/06/2026

Knappholsblomar og hårpynt frå bryllupet som var i helga. Alle fekk denne nydelige, duftande rosa som blei ein raud tråd gjennom det heile. Hårkransen var til ei lita jente, og eg laga den derfor ganske luftig med mykje grønt så den ikkje skulle bli for tung og ubehagelig å ha på seg. Brura sin hårpynt var laga på ein koparfarga kam, eit godt alternativ om ein synest ein heil krans blir for mykje. Til denne type arbeid er det viktig å velge blomar som står seg så lenge som mulig utan vannkilde, men dei varar rett nok ikkje uendelig. Utover kvelden og natta kan nok både blomar og folk bli litt medtatte 😅. Det må vel vere lov? Eg huskar veldig godt spaserturen heim frå festlokalet etter mitt eige bryllup, til fuglesong og soloppgang - trøtt men lukkeleg 💚. Snart 18 år sidan...

Brudebukett i morgonlys. Brura ville ha lette og sommarlige pasteller med innslag av blått i ein vilter bukett, gjerne m...
27/06/2026

Brudebukett i morgonlys. Brura ville ha lette og sommarlige pasteller med innslag av blått i ein vilter bukett, gjerne med markblomstpreg. Og akkurat no står den rosa hanekammen i full blomst over heile dalen her, den trivst i fuktig eng - noko me har rikelig av i desse dagar 🌧. Hanekam var ein av favorittblomane mine då eg var liten, eg syntest det var utruleg at noko så nydelig kunne vekse vilt her hos oss. Den gjør seg fint som ein liten svevar i denne buketten, saman med akeleier, valmuer, anemoner, roser frå drivhuset og mykje anna fint. Til lukke med dagen, det blei jo tilogmed solgløtt på brureparet!

Lite oppdateringar frå Dalahagen siste tida, her har eg hatt hendene fulle med å få alle planter i jorda (ca 5000 så lan...
24/06/2026

Lite oppdateringar frå Dalahagen siste tida, her har eg hatt hendene fulle med å få alle planter i jorda (ca 5000 så langt...) renske gamle bed og etablere nye, anlegge nytt dahliafelt, og generelt halde hovudet over vatnet - bokstaveleg talt kjennest det som denne regnfulle forsommaren. I tillegg skjer jo kvardagen og ungar skal losast gjennom avslutningar og eksamenar både på den eine og andre og tredje skulen. Juniblomstringa er sein i år men no byrjar det heldigvis å løsne, takk og lov for det for no kjem bryllupa som perler på ei snor framover. Så då gjeld det å nyte små, stille kveldsstunder når humlene summar i den kvite storkenebben som står på sitt finaste nett no. Eg set meir og meir pris på desse trufaste staudene som kjem igjen år etter år, uansett kor mykje regn som fell eller kor travelt eg har det 🤍.

Ingenting å melde herfrå anna enn regn, regn og meir regn. Eg står og planter ut i full oljehyre, i tunellen siver det i...
09/06/2026

Ingenting å melde herfrå anna enn regn, regn og meir regn. Eg står og planter ut i full oljehyre, i tunellen siver det inn så mykje vatn frå sidene at bakken gyngar under beina på meg og småplantene står i fare for å drukne før dei rekk å slå rot. Heldigvis hadde me to fine dagar i helga, ei sjelden lomme i ein elles våt forsommar. Då var det berre å stå på frå tidlig til seint med luking og graving som er vanskelig å gjøre når jorda er søkk våt. Resultatet blei hekseskudd i ryggen og verkande musklar heilt ut i fingertuppane. Beklager sutringa, men av og til må det berre ut! Så veit eg jo det at når dagane blir fine og plantene veks og blomstrar så er alt gløymt. For sånne dagar kjem, før eller seinare. Trur eg.

Adresse

Dalevegen 147
Holmefjord
5642

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dalahagen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Dalahagen:

Snarveier

Del