Anda blomstergard

Anda blomstergard Kortreiste snittblomar frå eigen produksjon. Sesongopen.

Lukta av erteblomar er fantastisk, men me må venta ei stund til før det kan opplevast.  Men det er mykje anna fint å sjå...
10/03/2026

Lukta av erteblomar er fantastisk, men me må venta ei stund til før det kan opplevast. Men det er mykje anna fint å sjå og høyra nå når våren er her. Eg har skrive nokre tankar om det å sansa. Her kan du lesa dei om du har tid og lyst. https://www.anda-andel.no/a-sansa/

Og der har det spirt. Erteblomane spirer fint i sneglehuset og levkøyen spirer fint både i soilblocks (det som såg ut so...
08/03/2026

Og der har det spirt. Erteblomane spirer fint i sneglehuset og levkøyen spirer fint både i soilblocks (det som såg ut som ei sjokoladekake) og i vanleg brett. Så får vi sjå etterkvart om det blir nokon forskjell på dei som er sådde i soilblock og dei som er sådde i eit brett. Kanskje ikkje ennå i alle fall, så lenge vi har bruk same jord og dei står i same rom med likt lys og temperatur. Vi får sjå.

Har du lyst dyrka og plukka blomar i din eigen hage.🌻🌺⚘️ Då kan ein god start vera å bli med på såkurs på Anda blomsterg...
05/03/2026

Har du lyst dyrka og plukka blomar i din eigen hage.🌻🌺⚘️ Då kan ein god start vera å bli med på såkurs på Anda blomstergard.🌼Vi har planlagt to kveldar med opne såkurs.

Tidspunkt for såkurs:
Onsdag 25. mars kl 18.00-20.00 (fullt)
Torsdag 26. mars kl 18.00-20.00

Lenke til påmelding blir lagt ut i første kommentar.

Kom åleine🚶‍♀️‍➡️ eller ta med deg ein ven.👫

Vi startar kurset med ei lita omvisning på blomstergarden, både ute og inne i oppalsrom og veksttunnell. Deretter blir det undervisning om såing, oppal, prikling, ompotting, utplanting og vidare stell av blomane.

Til slutt får du velja frø som du vil så og ta med deg heim etter kurset. Du får frø, potter og såjord hjå oss. Om du sjølv har noko du vil så i, så må du gjerne ta det med også.

Pris (inkl. frø og utstyr) er 800 kr.

Nei, dette er ikkje sjokoladekake og svissrull. Eg har ein tendens til å gjera ting slik eg alltid har gjort det før, me...
25/02/2026

Nei, dette er ikkje sjokoladekake og svissrull.

Eg har ein tendens til å gjera ting slik eg alltid har gjort det før, men nokre gonger kan det vera kjekt å prøva ut noko nytt. Nå prøver eg meg for første gong med soilblocking - kanskje vi kan kalla det jordblokker på godt norsk.

"Sjokoladekaka" er altså bittesmå blokker med fuktig jord, som eg sår i. Nå tidleg på våren når eg må ala opp planter inne og det er begrensa med plass, trur eg dette kan vera plassbesparande. Det skal også vera bra for rotuviklinga til plantene. Når plantene spirer, kan dei puttast ned i større blokker med jord dersom dei ikkje skal kan plantast direkte ut. Ein annan fordel er at det blir mindre bruk av plastik.

Denne gongen har eg sådd same sort blomar både i blokker og i brett, men med same jord, same temperatur og same lys, så skal eg ha eit lite forsøk med dette for å sjå kva som fungerer best og gir dei beste plantene.

"Svissrullen", eller "sneglehuset" om du vil, har eg prøvt før. Her sår eg erteblomar som har lange røter nedover. Små pluggbrett eller potter er ikkje så djupe, så på denne måten håpar eg å få betre rotutvikling og finare planter. Sneglehuset tek heller ikkje så stor plass.

Nå er frøa i jorda, så nå er det berre å passe på at dei ikkje tørkar ut og vente på at dei spirer.

Sjølv om det er ei stund til vår og sommar, så har eg så vidt byrja å så nokre få sortar blomar. Det meste blir sådd sei...
23/02/2026

Sjølv om det er ei stund til vår og sommar, så har eg så vidt byrja å så nokre få sortar blomar. Det meste blir sådd seinare, men nokre sortar som tåler kulde godt, og som eg gjerne vil ha fram litt tidleg har eg allereie sådd.

Det er så kjekt å følgja med frå dag til dag kva som spirer og veks. Så gjeld det berre å passa godt på så dei små spirene får passe mengde av både vatn, lys og varme. Desse hadde nok fått litt mykje varme og litt lite lys i starten. Så dei var ganske lange og tynne då eg prikla dei for litt sidan, men eg satsar på at dei klarer seg godt allikevel.

Ennå er det vinter, men snart er det vår og konfirmasjonstid. Hos oss kan du bestille blomar til konfirmasjon. Vi levere...
19/02/2026

Ennå er det vinter, men snart er det vår og konfirmasjonstid. Hos oss kan du bestille blomar til konfirmasjon.

Vi leverer blomsterbøtter så du kan setja blomane i vasar eller oppsatsar sjølv, eller vi arrangerer blomane i småvaser som du låner og leverer tilbake.

Ta kontakt om du er interessert i blomar til konfirmasjon eller til andre feiringar utover våren og sommaren. Vi reknar med å starta blomstersalget i siste halvdel av april.

Bli bukettabonnent! Då kan du henta ein bukett annankvar veke, med oppstart i midten av mai, pause midt i juli, og siste...
12/02/2026

Bli bukettabonnent! Då kan du henta ein bukett annankvar veke, med oppstart i midten av mai, pause midt i juli, og siste bukettutlevering i midten/slutten av september. Bukettane vil variere i farge, form og storleik alt etter kva som blomstrar til ei kvar tid.

Blomane er produserte her på garden, utan bruk av sprøytemiddel og kunsgjødsel - kortreist og berekraftig.

Bukettane er klare til henting onsdag ettermiddag. Du kan bestille halv sesong eller heil sesong.

For bestilling av abonnement eller meir info, send ei melding eller skriv ein e-post til [email protected].

Då er alle ranunklane og anemonene sette til forspiring. Nokre få blomsterfrø er sådd, og resten kan vente. Nå er eg kla...
02/02/2026

Då er alle ranunklane og anemonene sette til forspiring. Nokre få blomsterfrø er sådd, og resten kan vente.

Nå er eg klar for ferie. Det blei lite ferie på meg i fjor sommar, så i morgon reiser eg til English L'Abri. Her skal eg vere vel ei veke; koble av, lese, skrive, møte nye menneske, samtale om laust og fast og om større spørsmål i livet, lade opp og logge av.

Om de sender meg meldingar eller e-post i løpet av veka som kjem, må det difor vente ei stund på svar.

Eg er tilbake og i gang med arbeidet igjen onsdag 11. februar, klar for ein ny sesong.

Eg gler meg til det som ligg framfor: til å så, venta på at det spirer, til å passe på dei små spirene, planta dei ut og sjå dei veksa og setja knoppar som etter kvart er klare til å plukkast, til å plukka blomar og vinde bukettar og ikkje minst til mange gilde menneskemøter.

Eg håpar du og mange andre også er klar for ein ny sesong på Anda blomstergard, til å stikka innom blomsterutsalget når det er ope, til å koma på sjølvplukk, såkurs eller bukettkurs, til å bestilla blomar til å gje bort, til å bli bukettabonnentar eller til å kjøpa blomar til konfirmasjonar, fødselsdag og bryllaup. Vi håpar å ha dei første blomane klare for salg i midten av april.

Men nå er det altså ferie først. Ønskjer alle våre følgjarar ei fin vinterveke mens vi ventar på våren.

Har du lyst dyrka og plukka blomar i din eigen hage.🌻🌺⚘️ Då kan ein god start vera å bli med på såkurs på Anda blomsterg...
27/01/2026

Har du lyst dyrka og plukka blomar i din eigen hage.🌻🌺⚘️ Då kan ein god start vera å bli med på såkurs på Anda blomstergard.🌼Vi har planlagt to kveldar med opne såkurs.

Tidspunkt for såkurs:
Onsdag 25. mars kl 18.00-20.00
Torsdag 26. mars kl 18.00-20.00

Lenke til påmelding blir lagt ut i første kommentar.

Kom åleine🚶‍♀️‍➡️ eller ta med deg ein ven.👫

Litt meir info om kurset:
Kurset blir inne på låven (om ikkje det nye arbeidsrommet er ferdig før den tid), så kle deg godt, for det er ennå tidleg på våren.❄️ Adressa er Anda blomstergard, Brekkevegen 5, 4353 Klepp stasjon.

Vi startar kurset med ei lita omvisning på blomstergarden, både ute og inne i oppalsrom og veksttunnell. Deretter blir det litt undervisning om såing, oppal, prikling, ompotting, utplanting og vidare stell av blomane. Til slutt får du velja frø som du vil så og ta med deg heim etter kurset. Du får frø, potter og såjord hjå oss. Om du sjølv har noko du vil så i, så må du gjerne ta det med også.

Pris (inkl. frø og utstyr) er 800 kr.

I fjor fekk eg levera blomar og laga brurebukett til fleire bryllaup. Her er tilbakemeldinga eg fekk frå ei brur: Ville ...
19/01/2026

I fjor fekk eg levera blomar og laga brurebukett til fleire bryllaup. Her er tilbakemeldinga eg fekk frå ei brur: Ville bare sende deg noen bilder av den nydelige buketten du laget og de nydelige blomstene vi hadde i bryllupet vårt. Det var virkelig prikken over i-en.

Skal du gifta deg i år, eller kjenner du nokon som skal gifta seg. Kanskje de også ønskjer blomar som blir prikken over i-en i bryllaupsfesten. Vi leverer brurebukettar, knappholsblomar, forlovar- og brurejentebukettar. Du kan også kjøpa blomsterbøtter med blomar til å pynta festlokalet med, eller eg kan gjera klar blomar i vasar dersom du ikkje ønskjer å ordna det sjølv.

Frå mai og ut september får du vakre lokalproduserte blomar dyrka her på garden utan bruk av kunstgjødsel og sprøytemiddel.

Om du ønskjer det kan tilbyr vi også åkervandring ei veke eller to før bryllaupet der du kan få sjå på blomar og fargar som kan vera aktuelle i buketten eller som bordpynt.

Send oss ein e-post til [email protected] eller kontakt Randi på telefon 97197462 dersom du er interessert i bryllaupsblomar, så kan vi avtala tid for ein prat.

Bileta er tatt av

Du syns kanskje ikkje dette var eit vakkert bilete, men det betyr ikkje så mykje. Eg deler det allikevel, for pakke i po...
16/01/2026

Du syns kanskje ikkje dette var eit vakkert bilete, men det betyr ikkje så mykje. Eg deler det allikevel, for pakke i posten med alle desse frøa gir så mykje glede og så mykje å gle seg til. Nokre seier at delt glede er dobbelt glede, så då deler eg mi glede med deg i dag.

Her er det hundrevis, ja sikkert fleire tusen frø som skal i jorda utover vinteren og våren og bli til mengder med vakre blomar.

Eg gler meg til heile prosessen: Så, venta på spiring, prikla, vatna, planta ut og sjå plantene veksa og setja knoppar som til slutt spring ut. Og så er dei klare til å plukkast.

Det skal blir til brurebukettar, festbukettar og kvardagsbukettar, til blomsterbøtter og buntar med blomar, til sjølvplukk og blomar til bukettkurs.

Eg håpar mange er klare for reine, ferske og ureiste blomar frå Anda blomstergard utover våren, sommaren og hausten. Men ennå må me smørja oss med litt tolmod, men så er det jo fint å ha noko å gle seg til også.

Det er søndag kveld. Vinder ular ute, og inne har me fyr i omnen. Mannen slappar av med ei bok og eg deler ei lenke til ...
11/01/2026

Det er søndag kveld. Vinder ular ute, og inne har me fyr i omnen. Mannen slappar av med ei bok og eg deler ei lenke til eit blogginnlegg med overskrifta "Kviledag og sabbatsår". Kanskje nokre tankar det går an å ta med seg nå i starten av eit nytt år. https://www.anda-andel.no/kviledag-og-sabbatsar/

Adresse

Brekkevegen 5
Klepp Stasjon
4353

Åpningstider

Fredag 16:00 - 20:00
Lørdag 10:00 - 18:00

Telefon

+4797197462

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Anda blomstergard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Anda blomstergard:

Del