21/05/2024
Hei kjære nettverk!
Eg er no på utkikk etter nokon som kan ta over den daglege drifta i Lyse Idéar.
Har du, eller nokon du kjenner, ein draum om å vere gründer og er passe praktisk anlagt? Er du interessert i handtverk og interiør med eit ynskje om å vere din eigen sjef? Eller likar du best å selja og utvikle, og la andre ta seg av det praktiske?
Her er det store og gode moglegheitar for ei skapande sjel til å jobbe vidare med ei allereie etablert merkevare med solid renomé. Driv det vidare akkurat slik eg har gjort eller finn din heilt eigen måte.
Organisering, betingelsar og eigerskap er fleksibelt. Ta kontakt med meg dersom du tenkjer at dette kan vere interessant, så finn me nok ei løysing ilag.
Med venleg helsing
Oddvar Myro-Kapperud